PERSONVERNERKLÆRING

1. Om Fjord Invest

Eigar av denne nettsida er: Fjord Invest AS, Hafstadvegen 21, 6800 Førde.
Epost:
post@fjordinvest.no. Vårt org. nr er: 983 527 833.

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med vurdering av investeringar innhentar vi opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr og anna nødvendig informasjon som er nødvendig for å vurdere ei investering. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for våre interne behov. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi ser det hensiktsmessig. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

4. Kunderegister (CRM-system)

Vårt CRM-system inneheld opplysningar om selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar med namn, epost og telefonnr. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt CRM-system, sjå kapittel om sletting under.

5. Informasjonskapslar

Fjordinvest.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: Vimeo
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

7. Deling

Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (LinkedIn). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

8. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Fjord Invest på epost: post@fjordinvest.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27. 

9. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Fjord Invest as er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på post@fjordinvest.no