Pinovo

www.pinovo.no

Pinovo leverer løysingar for lukka fjerning av maling og rust frå røyrledningar og flater på offshoreinstallasjonar, industrianlegg og maritime fartøy- og utstyr. Selskapet har verksemd i Noreg og UK .

Rasjonale for investering:

Selskapet har utvikla teknologi som effektiviserer vedlikehalds- og modifikasjons-arbeid, og som samstundes tilfredsstiller stadig skjerpa krav til HMS. Fjord Invest si investering skal bidra til utvikling av teknologiløysingar, kommersialisering av produkta og bygging av organisasjon for vekst.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 2-13 MNOK (2009-2015)
  • Endring av forretningsmodell
  • Bygging av organisasjon
  • Etablering i UK
  • Strategiutvikling

Lokalisering: Bekkjarvik og Bergen, Hordaland
Investeringsår: 2009
Eigarandel: 22,3 %
Fond: Fjord Invest SørVest
Kontakt: Roger Flølo