Easy Form

www.easyform.no

Easy Form produserer pluggar og former i kompositt ved hjelp av robotstyrt freseteknologi. Marknaden er maritim industri og produsentar av vindmøller i Nord-Europa.

Rasjonale for investering:

Eigarane bak Easy Form ville bygge opp ei satsing på robotisert produksjon av pluggar og former til maritim industri. Fjord Invest si investering skulle bidra til å finansiere kjøp av produksjonsutstyr og bygge opp organisasjonen.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 1-35 MNOK (2005-2013)
  • Finansiert kapitalbehov for kjøp av robotfres
  • Rekruttering
  • Etablert profesjonelt styre

Fjord Invest sine aksjar vart selt til Brothers AS.

Lokalisering: Måløy, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2005-2013
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Thomas Berge