Webmegling Technology

www.webmegling.no

Webmegling Technology er eit teknologiselskap som utviklar digitale løysingar for sal av boligar på nett. Selskapet utviklar Webbolig.no; gratis teneste for boligsalg, og Webmegling.no; teneste for eigedomsmegling.

Rasjonale for investering:

Marknaden for sal av boligar er stor og i endring. Digitale tenester for sal av boligar vert nytta i aukande grad. Webmegling sine løysingar skal ta ein posisjon i denne marknaden med digitale tenester som er gratis for kundar. Fjord Invest si investering skal bidra til å finansiere selskapet i tidleg fase.

Utvikling i eigarperioden:

  • Fullteikning av emisjon
  • Etablert profesjonelt styre
Bilde2.png

Beat

www.beat.no

Beat leverer streaming av musikk på alle teknologi-plattformer; mobiltelefon, PC og TV. Tenesta leverast direkte frå Beat til lyttarane eller gjennom distribusjonspartnarar som Tele2, Altibox, Get og RiksTV.

Rasjonale for investering:

Marknaden for streaming av musikk har vore i rask vekst, med Beat som ein klar nr. 3 aktør i den norske marknaden. Fjord Invest si investering skal bidra til å styrke selskapet sin posisjon i marknaden.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 1-9 MNOK (2010-2015)
  • Etablert profesjonelt styre
  • Strategi og forretningsutvikling
  • Inngått avtalar med leiande distribusjonspartnarar i Noreg, samt avtale som gjev mulegheit for internasjonalisering

Lokalisering: Mjømna, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2010
Eigarandel: 16,3 % / 14,6 %
Fond: Fjord Invest Såkorn/SørVest
Kontakt: André Aarøen

Havkraft

www.havkraft.no

Havkraft utviklar ei teknologiløysing for produksjon av elektrisk energi frå havbølgjer som kan nyttast i både landbaserte og offshore bølgjekraftverk, primært til kundar utanfor Noreg.

Rasjonale for investering:

Selskapet har patentert teknologiløysing med potensiale til å bli eit allment grunnprinsipp for anvendelse av bølgjekraft. Fjord Invest si investering skal bidra til å verifisere energiopptak og verkemåten til teknologien, teste teknologiløysingane under reelle forhold i sjø og bygge organisasjon for kommersialisering av teknologien.

Utvikling i eigarperioden:

  • Utvikling, testing, verifisering og patentering av effektiv bølgjekraftkonverter - frå idé til prototype
  • Henta inn 14 MNOK frå andre kjelder til utvikling av produktet
  • Strategiutvikling

Lokalisering: Måløy, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2010
Eigarandel: 34,6 %
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Roger Flølo

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

www.kpsf.no

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane er eit regionalt utviklingsselskap som bistår gründarar og selskap med gode forretningsidéar. Hovudmålsettinga er å bidra til utvikling og vekst gjennom kommersialisering av forretningsidéar og forskingsresultat.

Rasjonale for investering:

Fjord Invest Såkorn si investering skulle vere med å sikre at Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane vart oppkapitalisert for å tilføre kapital til selskap i oppstartfase.

Utvikling i eigarperioden:

  • Styrka organisasjon
  • Etablert nettverk mot selskap i tidleg fase

Lokalisering: Sogndal, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2004
Eigarandel: 38,2 %
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Mera

www.mera.no

Mera utviklar og leverer teknologi for tilstandskontroll (condition monitoring) og vedlikehald av hydraulikksystem. Marknaden er boreriggar og spesialfartøy i Nordsjøbassenget.

Rasjonale for investering:

Selskapet har utvikla teknologi for tilstandskontroll retta mot boreriggar og spesialfartøy. Fjord Invest si investering skal bidra til kommersialisering av teknologi og bygge organisasjon for vidare vekst.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 1-3 MNOK (2009-2015)
  • Finansiert produktutvikling av teknologi for tilstandskontroll 
  • Etablert profesjonelt styre

Lokalisering: Haugesund, Rogaland
Investeringsår: 2009
Eigarandel: 32,8 %
Fond: Fjord Invest SørVest
Kontakt: Thomas Berge

Phonofile

www.phonofile.com

Phonofile drifter database og tenester for elektronisk lagring, sal og distribusjon av musikk frå uavhengige plateselskap og artistar.

Rasjonale for investering:

Etter fusjonen mellom Artspages International AS og Phonofile AS i 2010 er Fjord Invest eigar i den største aggregatoren i Norden for digital musikk frå uavhengige plateselskap og artistar.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 22-115 MNOK (2010-2015)
  • Tilført kapital for finansiering av vekst

Lokalisering: Oslo
Investeringsår: 2010
Eigarandel: 7,4 %
Fond: Fjord Invest
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Pinovo

www.pinovo.no

Pinovo leverer løysingar for lukka fjerning av maling og rust frå røyrledningar og flater på offshoreinstallasjonar, industrianlegg og maritime fartøy- og utstyr. Selskapet har verksemd i Noreg og UK .

Rasjonale for investering:

Selskapet har utvikla teknologi som effektiviserer vedlikehalds- og modifikasjons-arbeid, og som samstundes tilfredsstiller stadig skjerpa krav til HMS. Fjord Invest si investering skal bidra til utvikling av teknologiløysingar, kommersialisering av produkta og bygging av organisasjon for vekst.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 2-13 MNOK (2009-2015)
  • Endring av forretningsmodell
  • Bygging av organisasjon
  • Etablering i UK
  • Strategiutvikling

Lokalisering: Bekkjarvik og Bergen, Hordaland
Investeringsår: 2009
Eigarandel: 22,3 %
Fond: Fjord Invest SørVest
Kontakt: Roger Flølo

Quality Intervention

www.q-i.no

Quality Intervention utviklar løysingar for brønnintervensjon på boreriggar, og for reparasjon av lekkasjar i ringrom rundt olje- og gassbrønnar. Teknologiane kan nyttast både onshore og offshore. Marknaden er oljeselskap nasjonalt og internasjonalt.

Rasjonale for investering:

Selskapet utviklar proprietære løysingar for brønnintervensjon og tilbyr oljeselskap tenester basert på desse teknologiane. Fjord Invest si investering skal bidra til å finansiere utvikling og kommersialisering av selskapet sine løysingar.

Utvikling i eigarperioden:

  • Gjennomført emisjon
  • Etablert profesjonelt styre
  • Utvikla og lansert nye produkt

Lokalisering: Balestrand, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2014
Eigarandel: 3,2 % / 9,5 %
Fond: Fjord Invest Såkorn/SørVest
Kontakt: Thomas Berge

Rocketfarm

www.rocketfarm.com

Rocketfarm er eit konsulent- og programutviklingshus med fokus på utvikling av sky- og mobilløysingar. 

Rasjonale for investering:

Etterspørselen etter sky- og mobilløysingar er sterkt veksande og den teknologiske innovasjonstakta er rask. Fjord Invest si investering skal bidra til finansiering av vekst og utvikling.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 1-13 MNOK (2010-2015)
  • Strategi- og forretningsutvikling, etablert profesjonelt styre
  • Snudd negative resultat til lønnsam vekst
  • Sterk vekst i omsetning og antal tilsette gjennom organisk vekst og fusjon
  • Bygd opp ein kompetansesterk konsulentorganisasjon samstundes som organisasjonens innovasjonsevne på eigenutvikling av produkt er oppretthelde

Lokalisering: Sogndal, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2010
Eigarandel: 5,5 % / 5,5 %
Fond: Fjord Invest Såkorn/SørVest
Kontakt: André Aarøen

Østerbø Maskin

www.osterbo.no

Østerbø Maskin utviklar og produserer elektromekaniske produkt, og leverer straumaggregat, maskiner og elektrotenester. Marknaden er oljeservice, marin sektor og industri.

Rasjonale for investering:

Selskapet har lang tradisjon og høg kompetanse innan produksjon av elektromekaniske produkt, og leveransar av straumaggregat og maskiner. Fjord Invest si investering skal bidra til auka lønsemd og vekst ved satsing på produkt- og tenesteleveransar til marknader i vekst.

Utvikling i eigarperioden: 

  • Tilført eigenkapital for vidare vekst
  • Etablert avdeling i Sløvåg
  • Auka omsetnad frå 38-56 MNOK (2013-2015)
  • Oppnådd 10 % EBITDA i 2015

 

Logo Østerbø.jpg

Lokalisering: Østerbø, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2014
Eigarandel: 22,7 % / 11,3 %
Fond: Fjord Invest SørVest/Såkorn
Kontakt: Thomas Berge