Artspages

www.phonofile.no

Artspages drifta database og tenester for elektronisk lagring, sal og distribusjon av musikk frå uavhengige plateselskap og artistar.

Rasjonale for investering:

Artspages var tidleg ute med eigenutvikla teknologi for distribusjon av digital musikk i ein raskt veksande marknad.  Fjord Invest si investering skulle bidra til vidareutvikling av teknologi og omsetningsvekst.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 2-9 MNOK (2004-2009)
  • Rekruttering
  • Etablert profesjonelt styre
  • Strategiutvikling
  • Lagt til rette for finansiell investor innan bransjen IKT

Artspages vart fusjonert med Phonofile i 2010 og Fjord Invest vart eigar i Phonofile.

Lokalisering: Oslo
Eigarperiode: 2004-2010
Fond: Fjord Invest
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Beat

www.beat.no

Beat leverer streaming av musikk på alle teknologi-plattformer; mobiltelefon, PC og TV. Tenesta leverast direkte frå Beat til lyttarane eller gjennom distribusjonspartnarar som Tele2, Altibox, Get og RiksTV.

Rasjonale for investering:

Marknaden for streaming av musikk har vore i rask vekst, med Beat som ein klar nr. 3 aktør i den norske marknaden. Fjord Invest si investering skal bidra til å styrke selskapet sin posisjon i marknaden.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 1-9 MNOK (2010-2015)
  • Etablert profesjonelt styre
  • Strategi og forretningsutvikling
  • Inngått avtalar med leiande distribusjonspartnarar i Noreg, samt avtale som gjev mulegheit for internasjonalisering

Lokalisering: Mjømna, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2010
Eigarandel: 16,3 % / 14,6 %
Fond: Fjord Invest Såkorn/SørVest
Kontakt: André Aarøen

Bionordic

Bionordic utvikla og produserte pelletsomnar.

Rasjonale for investering:

Bionordic hadde utvikla og patentert teknologi for brennkammer til bruk i pelletsomnar. Fjord Invest si investering skulle bidra til å kommersialisere Bionordic sine pelletsomar.

Utvikling i eigarperioden:

  • Styrka leiing
  • Strategiutvikling

Lokalisering: Jostedalen, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2008-2011
Fond: Fjord Invest SørVest
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Dooria

www.dooria.no

Dooria leverer inner- og ytterdører til den skandinaviske marknaden.

Rasjonale for invesering:

Fjord Invest si investering skulle finansiere vidare vekst og posisjonere selskapet som ein av dei tre leiande dørleverandørane i Skandinavia.

Utvikling i eigarperioden:

  • Kjøp av fabrikkar i Sverige
  • Omstilling av produksjon, logistikk og sal
  • Lagt til rette for finansiell investor og oppkapitalisering
  • Endring av leiing og organisasjon

Lokalisering: Oslo
Eigarperiode: 2003-2015
Fond: Fjord Invest Industri
Kontakt: André Aarøen

Fras Technology

www.fras.no

Fras leverer løysingar og tenester for tilstandskontroll og fjernovervaking (condition monitoring) av hydraulikk- og smøreoljesystem på offshoreinstallasjonar, maritime fartøy og industrianlegg i Noreg og internasjonalt.

Rasjonale for investering:

Selskapet har patentert teknologi for tilstandskontroll og fjernovervaking (condition monitoring) av trykksette system. Fjord Invest si investering skal bidra til vidareutvikling og kommersialisering av produktporteføljen og til å bygge organisasjon for vidare vekst.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 5-12 MNOK (2010-2013)
  • Endring av forretningsmodell
  • Posisjonert selskap for vekst i høgmarginmarknader (subsea)
  • Styrka leiing

Lokalisering: Årdal, Sogn og Fjordane og Ås, Akershus
Eigarperiode: 2010-2015
Fond: Fjord Invest Såkorn/SørVest
Kontakt: Roger Flølo

Easy Form

www.easyform.no

Easy Form produserer pluggar og former i kompositt ved hjelp av robotstyrt freseteknologi. Marknaden er maritim industri og produsentar av vindmøller i Nord-Europa.

Rasjonale for investering:

Eigarane bak Easy Form ville bygge opp ei satsing på robotisert produksjon av pluggar og former til maritim industri. Fjord Invest si investering skulle bidra til å finansiere kjøp av produksjonsutstyr og bygge opp organisasjonen.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 1-35 MNOK (2005-2013)
  • Finansiert kapitalbehov for kjøp av robotfres
  • Rekruttering
  • Etablert profesjonelt styre

Fjord Invest sine aksjar vart selt til Brothers AS.

Lokalisering: Måløy, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2005-2013
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Thomas Berge

Havkraft

www.havkraft.no

Havkraft utviklar ei teknologiløysing for produksjon av elektrisk energi frå havbølgjer som kan nyttast i både landbaserte og offshore bølgjekraftverk, primært til kundar utanfor Noreg.

Rasjonale for investering:

Selskapet har patentert teknologiløysing med potensiale til å bli eit allment grunnprinsipp for anvendelse av bølgjekraft. Fjord Invest si investering skal bidra til å verifisere energiopptak og verkemåten til teknologien, teste teknologiløysingane under reelle forhold i sjø og bygge organisasjon for kommersialisering av teknologien.

Utvikling i eigarperioden:

  • Utvikling, testing, verifisering og patentering av effektiv bølgjekraftkonverter - frå idé til prototype
  • Henta inn 14 MNOK frå andre kjelder til utvikling av produktet
  • Strategiutvikling

Lokalisering: Måløy, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2010
Eigarandel: 34,6 %
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Roger Flølo

Fjord Shell Norway

Fjord Shell Norway hausta, avgifta og distribuerte blåskjell til daglegvaremarknaden i Noreg.

Rasjonale for investering:

Fjord Shell Norway utvikla teknologi for avgifting og lagring av blåskjell. Fjord Invest si investering skulle bidra til å finansiere utvikling av teknologi for avgifting og lagring av blåskjell for stabile og føreseielege leveransar.

Utvikling i eigarperioden:

  • Finansiert utvikling av teknologi for lagring og avgifting av blåskjell
  • Etablert profesjonelt styre
  • Inngått distribusjonsavtale med Hallvard Lerøy AS

Lokalisering: Nordfjordeid, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2006-2009
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Thomas Berge

Impec

www.impec.no

Impec utviklar og leverer produkt og tekniske løysingar til aluminiumsindustrien nasjonalt og internasjonalt.

Rasjonale for investering:

Impec leverte tekniske løysingar til aluminiumsindustrien og var del av klynga for produksjon av aluminium i Årdal. Fjord Invest si investering skulle bidra til å kommersialisere selskapet sine produkt og bygge organisasjon.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 4-7 MNOK (2005-2007)
  • Levert produkt til internasjonale kundar
  • Rekruttering

Fjord Invest sine aksjar vart selt til Årdal Stålindustri AS.

Lokalisering: Årdal, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2005-2008
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Thomas Berge

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

www.kpsf.no

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane er eit regionalt utviklingsselskap som bistår gründarar og selskap med gode forretningsidéar. Hovudmålsettinga er å bidra til utvikling og vekst gjennom kommersialisering av forretningsidéar og forskingsresultat.

Rasjonale for investering:

Fjord Invest Såkorn si investering skulle vere med å sikre at Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane vart oppkapitalisert for å tilføre kapital til selskap i oppstartfase.

Utvikling i eigarperioden:

  • Styrka organisasjon
  • Etablert nettverk mot selskap i tidleg fase

Lokalisering: Sogndal, Sogn og Fjordane
Investeringsår: 2004
Eigarandel: 38,2 %
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Inkubas

Inkubas var ein industriinkubator som skulle bidra til omstilling og etablering av nye verksemder.

Rasjonale for investering:

Hydro Aluminium og SIVA stifta ein inkubator i Årdal for å legge til rette for omstilling og etablering av nye verksemder. Fjord Invest si investering skulle bidra til etablering av inkubatoren og auka tilgong på prospekt.

Utvikling i eigarperioden:

  • Etablering av inkubator

Lokalisering: Årdal, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2004-2009
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Mera

www.mera.no

Mera utviklar og leverer teknologi for tilstandskontroll (condition monitoring) og vedlikehald av hydraulikksystem. Marknaden er boreriggar og spesialfartøy i Nordsjøbassenget.

Rasjonale for investering:

Selskapet har utvikla teknologi for tilstandskontroll retta mot boreriggar og spesialfartøy. Fjord Invest si investering skal bidra til kommersialisering av teknologi og bygge organisasjon for vidare vekst.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 1-3 MNOK (2009-2015)
  • Finansiert produktutvikling av teknologi for tilstandskontroll 
  • Etablert profesjonelt styre

Lokalisering: Haugesund, Rogaland
Investeringsår: 2009
Eigarandel: 32,8 %
Fond: Fjord Invest SørVest
Kontakt: Thomas Berge

Marin Vekst

Marin Vekst var eit investeringsfond retta mot lakseoppdrett.

Rasjonale for investering:

Marin Vekst vart oppkapitalisert av finansielle investorar for å gjere investeringar innan oppdrett av laks. Fjord Invest si investering skulle bidra til fullteikning av fondet, der ein del av kapitalen vart investert i attraktive marine selskap i Sogn og Fjordane.

Utvikling i eigarperioden:

  • Deltaking i styret
  • Alle fondet sine investeringar gav høg positiv avkastning

Marin Vekst vart realisert i 2007.

Lokalisering: Bergen, Hordaland
Eigarperiode: 2003-2007
Fond: Fjord Invest
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Ocea

www.ocea.no

Ocea Gruppen leverer utstyr og løysingar til internasjonal havbruksnæring.

Rasjonale for investering:

Fjord Invest vart aksjonær i selskapet etter sal av porteføljeselskapet Mercatus til Ocea Gruppen i 2007. Ocea Gruppen skulle posisjonere seg som ein leiande leverandør til den veksande havbruksnæringa.

Utvikling i eigarperioden:

  • Tilført kapital for finansiering av omstilling og vekst

Lokalisering: Bergen, Hordaland
Eigarperiode: 2007-2014
Fond: Fjord Invest
Kontakt: André Aarøen

Petal

www.petal.no 

Petal produserer og leverer høgkvalitets metallfasader til bygg i Noreg og Norden. Selskapet tilbyr fasadeløysinger til arkitektar, entreprenørar og byggherrar.

Rasjonale for investering:

Selskapet har lang tradisjon for produksjon av knekte metallprodukt med høg kvalitet. Fjord Invest si investering skal bidra til vekst og auka lønsemd ved styrka sal og marknadsføring av fasadeprodukt, samt automatisering av produksjon.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning av fasadeprodukt frå 13-23 MNOK (2009-2015)
  • Styrka sal og marknadsføring av Petal fasadeprodukt
  • Automatisert produksjon med robotteknologi

Lokalisering: Vik, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2008-2016
Fond: Fjord Invest SørVest
Kontakt: Thomas Berge

Mercatus

www.ocea.no

Mercatus utviklar og leverer software til nasjonale og internasjonale oppdrettsselskap.

Rasjonale for investering:

Mercatus utvikla software for kontroll og styring av fiskeoppdrett, med leiande oppdrettsselskap som kundar. Fjord Invest si investering skulle bidra til vidare vekst ved styrking av organisasjon og lansering av software mot nye bransjar.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 10-15 MNOK (2005-2007)
  • Rekruttering
  • Etablert profesjonelt styre
  • Strategiutvikling

Fjord Invest sine aksjar vart selt til Ocea Gruppen.

Lokalisering: Florø, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2005-2007
Fond: Fjord Invest
Kontakt: Thomas Berge

Phonofile

www.phonofile.com

Phonofile drifter database og tenester for elektronisk lagring, sal og distribusjon av musikk frå uavhengige plateselskap og artistar.

Rasjonale for investering:

Etter fusjonen mellom Artspages International AS og Phonofile AS i 2010 er Fjord Invest eigar i den største aggregatoren i Norden for digital musikk frå uavhengige plateselskap og artistar.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 22-115 MNOK (2010-2015)
  • Tilført kapital for finansiering av vekst

Lokalisering: Oslo
Investeringsår: 2010
Eigarandel: 7,4 %
Fond: Fjord Invest
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Nærøysund

Nærøysund si verksemd var oppdrett av torsk.

Rasjonale for investering:

Nærøysund var ein av Noregs leiande oppdrettarar av torsk. Fjord Invest si investering skulle bidra til å auke selskapet sin oppdrettskapasitet.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 7-37 MNOK (2004-2009)
  • Etablert totalfinansiering for vekst
  • Vekst i antal lokalitetar og biomasse
  • Strategiutvikling

Lokalisering: Florø, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2005-2009
Fond: Fjord Invest
Kontakt: Aud Ingrid Espeland

Pinovo

www.pinovo.no

Pinovo leverer løysingar for lukka fjerning av maling og rust frå røyrledningar og flater på offshoreinstallasjonar, industrianlegg og maritime fartøy- og utstyr. Selskapet har verksemd i Noreg og UK .

Rasjonale for investering:

Selskapet har utvikla teknologi som effektiviserer vedlikehalds- og modifikasjons-arbeid, og som samstundes tilfredsstiller stadig skjerpa krav til HMS. Fjord Invest si investering skal bidra til utvikling av teknologiløysingar, kommersialisering av produkta og bygging av organisasjon for vekst.

Utvikling i eigarperioden:

  • Auka omsetning frå 2-13 MNOK (2009-2015)
  • Endring av forretningsmodell
  • Bygging av organisasjon
  • Etablering i UK
  • Strategiutvikling

Lokalisering: Bekkjarvik og Bergen, Hordaland
Investeringsår: 2009
Eigarandel: 22,3 %
Fond: Fjord Invest SørVest
Kontakt: Roger Flølo

Oceanglobe

OceanGlobe utvikla offshore oppdrettsanlegg for nasjonale og internasjonale oppdrettsselskap.

Rasjonale for investering:

Selskapet utvikla konsept og prototype for oppdrett av fisk offshore. Fjord Invest si investering skulle bidra til å finansiere bygging av prototype og test av biomasse i fullskala anlegg.

Utvikling i eigarperioden:

  • Finansiert utvikling og bygging av prototype for offshore oppdrettsanlegg
  • Etablert profesjonelt styre

Lokalisering: Måløy, Sogn og Fjordane
Eigarperiode: 2005-2014
Fond: Fjord Invest Såkorn
Kontakt: Thomas Berge