Om Fjord Invest

Fjord Invest er eit investeringsselskap i Førde som investerer i vekstselskap på Vestlandet. Vi er ein aktiv eigar, og i tillegg til kapital tilfører vi blant anna kompetanse og nettverk. Vi kan gjere investeringar i heile livssyklusen til selskap; frå såkorn til moden fase. Teamet i Fjord Invest består av fem tilsette med lang erfaring innan leiing, styrearbeid, strategi og finans. 

Fjord Invest vart etablert i 2003. Idag vert det forvalta fire fond med ein samla forvaltningskapital på 425 millionar kroner. Det er gjennomført investeringar i totalt 25 bedrifter, kor 13 av desse er realisert.