INVESTERINGSSTRATEGI

Fjord Invest kan investere i heile livssyklusen til bedrifter, men dei fleste av investeringane vert gjort i området skissert i figuren under; 

Investeringane vert gjort i bransjar med forventa stort vekstpotensial, som til dømes olje/gass, IKT, energi/miljø, marin sektor. Vi investerer inntil 20 millionar kroner i kvar bedrift, og eigarperioden er typisk 3-7 år. Investeringane vert gjort i bedrifter i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder-fylka.  

Fjord Invest-fonda er aktive eigarfond, noko som inneber at vi i tillegg til kapital tilfører kompetanse og nettverk. Eigarskap i porteføljebedrifter vert utøvd gjennom deltaking i styre, og utviklinga skjer i tett samarbeid med bedriftene si leiing.

Føremålet til Fjord Invest-fonda er å oppnå avkastning til eigarane gjennom å skape berekraftig vekst og lønsame bedrifter. Avkastning vert realisert gjennom sal av fonda sine aksjar i porteføljebedriftene.  

KVA TYPE BEDRIFTER SER VI ETTER?

Vi ser etter bedrifter med følgjande kjenneteikn:

·         Stort vekstpotensial 
·         Eigenutvikla produkt og unik teknologi
·         Team med sterk bransjekompetanse og gjennomføringsevne
·         Må ha ønskje om nye aktive eigarar

·         Sal av aksjar må vere muleg  innan 3-7 år, og sal til industriell aktør er føretrukke

Vi vil oftast ønskje å ha med relevante medinvestorar for å sikre særskilt kompetanse og nettverk.