Fjord Invest sel sine aksjar i Phonofile

Førde,  29. januar 2016

Fjord Invest sel sine aksjar i Phonofile  til SendR, ein internasjonal tilbydar av digitalt medieinnhald. Phonofile vil etter dette stå godt rusta til å vekse vidare internasjonalt, særleg i samarbeid med SendR sitt dotterselskap finetunes.

Fjord Invest sitt engasjement i bransjen for digital musikk starta med investering i Artspages International i Sogndal i 2004. Selskapet utvikla teknologi for distribusjon av digital musikk, og vart fusjonert med Phonofile i 2010. Etter dette har selskapet vakse kraftig og erobra meir og meir av den nordiske marknaden. 

-          Vi har bidrege til å få fram eit teknologiselskap med utspring frå Sogndal, og er stolte av å ha vore med og utvikla ein digital pioner som omset for rundt 100 millionar kroner, seier André Aaøren, partnar i Fjord Invest Management. 

– For å vekse vidare i ein tøff internasjonal marknad er det riktig for Phonofile å bli del av ei større eining, og det har vi no lukkast med, held Aarøen fram.

 

For meir informasjon:

Fjord Invest:

André Aarøen

aaa@fjordinvest.no

www.fjordinvest.no

 

Phonofile:

Erik Brataas

erik@phonofile.no

www.phonofile.com

 

Om SendR

SendR er ein digital distributør og tilretteleggjar av bruk av lisensar. Selskapet muleggjer no bruk av meir enn ein million lyd- og videospor med rundt 450 lisenshavarar (inkl Apple iTunes, Amazon, GooglePlay, Spotify, YouTube etc.) Tenestene som vert tilbudt av SendR sine dotterselskap dekkjer heile verdikjeda for digitalt medieinnhald, særleg innan lyd og video.

 Om Phonofile

Phonofile har sidan 1999 vore ein digital pioner, og den største i sitt slag i den nordiske marknaden. Vi jobbar for å gje uavhengige plateselskap og deira artistar oversikt og kunnskap i den stadig endra verda av digital musikk. Frå kontor i Oslo, Stockholm, Gøteborg, København og London distribuerer vi musikk frå våre innovative og ambisiøse plateselskap. Vi trur på rettferdig kompensasjon og transparens kombinert med kunnskap om den nye verda av digital marknadsføring og kommunikasjon, og dette utviklar vi stadig til komponentar som kan implementerast i våre teknologiske system.  

Om Fjord Invest

Fjord Invest er eit private equity selskap som fokuserer på selskap med sterkt vekstpotensial på Vestlandet. Fjord Invest utviklar selskap gjennom aktivt eigarskap, kor målet er å skape vekst, lønsemd og varig konkurranseevne i porteføljeselskapa. Samla kapital under forvaltning er rundt 425 millionar kroner, og Fjord Invest har i dag ei portefølje beståande av 9 selskap.