Aktive eigarfond bidreg til auka verdiskapings- og omsetningsvekst

Ein verdiskapingsanalyse utarbeidd for Norsk Venturekapitalforening viser at når aktive eigarfond går inn på eigarsida i bedrifter, så skjer det eit taktskifte i verdiskapings- og omsetningsveksten i dei aktuelle bedriftene. Dette gjeld både for tidlegfasebedrifter og meir modne bedrifter. 

I rapporten kjem det fram at det i 2013 var om lag 68.000 tilsette i bedriftene som er eigd av aktive eigarfond, noko som tilsvarar i underkant av fire prosent av sysselsette i privat sektor. IKT-sektoren stod for flest sysselsette, noko som er ei endring frå tidlegare år, kor det har vore petroleumssektoren som hadde flest tilsette. 

Les rapporten her