Gründerdagen Z 2015 - 19. mai i Førde

Gründerar og alle som har ein god forretningside vert ynskt velkommen til ein lærerik og spennande dag i Førde den 19.mai!

Innhald
Gründerdagen Z set gründeren og dei gode ideane i sentrum. Caspar Lund frå Bergen Teknologisenter vil fortelje deg om LEAN Startup og korleis du på ein rask og billeg måte kan kvalitetssikre din forretningsidé. Vi byr også på inspirerande suksesshistorier frå lokale gründerar:

  • “Konkurrentar – vennar eller fiendar?” – Kinn Bryggeri v/Espen Lothe
  • “Frå liten til stor!” – Melin Medical v/Ingvill Hestenes
  • “Jo meire vi er saman…” Rocketfarm v/Halvor Gregusson

Finn Tokvam er vår konferansier gjennom dagen. Det vil bli nokre tillegg i programmet – så det er berre å gle seg! Vi vil fortløpande oppdatere programmet.

Arrangørar
Gründerdagen Z er eit samarbeid mellom- og vert arrangert av Ernst & Young, Fjord Invest, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Næringsutvikling.

Stad og tidspunkt
Gründerdagen vert arrangert på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde den 19. mai.
Programmet startar kl. 13:30 og varer til kl. 19:00. Vi avsluttar dagen med eit felles måltid.
På kvelden vil det bli anledning til å delta på Næringspub i forbindelse med Næringsdagane 2015.

Påmelding
Det er fortløpande påmelding. Ved påmelding før den 28.april er prisen kr. 500,-. Etter denne datoen er prisen kr. 650,-.
Siste påmeldingsfrist er den 12.mai! Det er bindande påmelding.
Lunsjbuffè og enkel matservering på ettermiddagen er inkludert.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål.
Kontaktperson er Hilde Grinde, hilde@kpsf.no, 90 85 73 94.

Lenkje til påmelding her

Påmelding til Næringsdagane 2015 kan de finne her