Ny administrerande direktør i Fras Technology AS

(Ås/Årdal, fredag 10. januar) Thor Valsø-Jørgensen er tilsett som ny administrerande direktør i Fras Technology AS.

Thor Valsø-Jørgensen (39) er tilsett som ny administrerande direktør i Fras Technology AS. Han starta 1. januar 2014, og etterfølgjer selskapets gründer Sølve Fjerdingstad som fortset i selskapet med ansvar for sals- og utviklingsaktivitetane.

Valsø-Jørgensen har lang erfaring frå olje- og gassbransjen, og kjem frå stillinga som salssjef Noreg i Permascand AB. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH i Trondheim, og har hatt ulike stillingar i Permascand AB dei siste 14 åra.

- Fras Technology er eit veldig spennande teknologiselskap med eigenutvikla og patenterte løysingar innanfor smøreolje- og hydraulikkområdet. Eg ser særleg fram til å introdusere selskapet si nye løysing for online condition monitoring av smøreolje- og hydraulikksystem - DynaView® - i den norske og internasjonale marknaden, seier Valsø-Jørgensen.

Styreleiar i Fras Technology, Roger Flølo, er svært nøgd med å tilsette Thor Valsø-Jørgensensom ny adm. dir. i selskapet.

– Styret har sett etter ein person med sterke salsresultat innanfor selskapets hovudsatsings­områder og som kan bidra til å skape vekst for Fras Technology. Vi er trygge på at han er den rette til å føre selskapet vidare i ei spennande vekstfase, seier Flølo.

Fras Technology er eit norsk teknologiselskap som leverer løysingar for overvaking og kontroll av fluidsystem samt rådgjevingstenester til olje- og gassektoren, skipsbransjen og prosess­industrien. Selskapet er eigd av dei tilsette samt private equity-fonda Fjord Invest Sørvest AS og Fjord Invest Såkorn AS. Selskapet er i vekst, og vil i 2013 ha ei omsetning på om lag 12 mill NOK. 

Fjord Invest-fonda blir forvalta av Fjord Invest Management. Fjord Invest Management held til i Førde, og forvaltar om lag NOK 425 millionar fordelt på fire fond som investerer i små- og mellomstore vekstbedrifter på sør -og vestlandet.

For ytterlegare informasjon, ver venleg å kontakt:

Fras Technology AS
Roger Flølo
Styreleiar
+47 99 73 78 00