Overskot for Dooria etter nedlegging i Årdal

Dooria-konsernet ventar overskot i 2011 etter nedlegging av produksjonen i Årdal samt ved eit tilhøyrande anlegg.

Sidan august 2011 har Dooria-konsernet gått med overskot, og for 2011 som heilheit er det venta eit overskot på rundt 10 millionar kroner.

I perioden 2008-2010 tapte konsernet totalt 120 millionar kroner. Etter nedleggingane i Noreg har konsernet all sin produksjon ved tre fabrikkar i Sverige.

- Det er først og fremst dei faste kostnadane som vart for høge ved dei norske anlegga. Samtidig var det nokre selskapsspesifikke ting, som blant anna gjekk på dei tekniske løysingane i Årdal kontra anlegga i Sverige, og det var kombinasjonen av dette som gjorde at beslutninga blei som den blei, seier administrerande direktør Mikkel Sandvik i Dooria.